UM RAPPORT: 2 gull, 1 sølv og ein bronse !!



Utøverne våre på vei til mesterskapet.
Andreas Nedrebø Nesse mangler på bildet.

Skjalg stilte med 10 deltakarar under helgas UM på Jessheim etter at Casper Lye Clausen måtte trekkje seg på grunn av sjukdom ved avreise fredags morgon. Både aktive, trenarar og foreldre som var med hadde ei flott helg på Jessheim.

Marin Stray Gautadottir i J17 gjorde eit imponerande meisterskap med gull på 300 m hekk med tida 43.17 som er både pers og ny meisterskapsrekord. På 400 m vart det sølv og pers med 57.74.

Ane Bakstad Andreassen i J15 tok det andre gullet for Skjalg med gull på  2000 m kappgang med tida 10.54.36. Det var første gang Ane gjekk den distansen, men ho passerte 1000 m på ny pers undervegs. Ane deltok og på 1500 m hinder men var der uheldig og måtte bryte etter fall i vassgrava.

Den tredje medaljen gjekk til Sarah Safaa Al-Saiddi ogs å J15 som tok bronse på 300 m hekk med tida 47.47. Sarah deltok og på 100 m og 200 m der ho vart nr 5 i sitt forsøksheat på begge distansane med tidene 13.56 og 27.64.

Thea Dessingue i J16 vart nr 4 på 300 m hekk med tida 49.24, like bak pers, og nr 14 på 800 m med 2.28.21 som var ny pers. Ho vann sitt heat klart etter ei godt taktisk løp.

Freya Mjølsnes i J17 deltok på 3000 og 800 m. På 3000 m vart det ein 5 plass med 10.08.33 og på 800 m vart ho nr 8 med 2.21.22 i eit lureløp med svært varierande fart undervegs.

I G17 deltok Nikolai Gundersen og Johannes Dalland på 3000 og 800 m. På 3000 m vart Nikolai nr 9 med 8.44.97 og ny pers etter å ha dratt store delar av løpet og bidrege sterkt til at 10 gutar sprang under 8.50. Johannes vart nr 11 med 8.57.75 og over 20 s forbetring av pers. Han vann sitt heat klart etter ein forrykande siste 600 m. På 800 m vart det 11. plass til Johannes med 2.00.91 og 16 plass til Nikolai med 2.04.52.

I slegge i G15 vart Eiving Bredahl nr 7 med 36.30 m og sette på nytt pers etter å ha kvalifisert seg for UM på overtid. Han er nok ein av svært få kastarar som har representert Skjag i UM.

Malin Topp Johansen i J15 deltok i tresteg og lengde. I tresteg vart ho nr 10 med 9.74 m som er ny årsbeste utandørs. I lengde vart det ein 15. plass med 4.51 m.

Andreas Nedrebø Nesse i G16 deltok på 100m, 300 m hekk og tresteg. Han skulle og delteke på 200 m, men måtte trekkje seg på grunn av byrjande strekk.  På  300 mhekk vart det 9 plass med 44.66 og ny pers. På 100 m vart han nr 7 i sitt forsøksheat med 12.45 og i tresteg vart det 7. plass med 10.63 m, begge resultat eit stykke bak årsbeste/pers.

Takk til Atle Nordbotten for UM rapport.