Skjalg reiste til Overhalla med 7 utøvarar som fekk ei flott helg i flotte konkurranseforhold med lite vind og fin temperatur. Det vart mange personlege rekordar.
Oscar Alm Harestad i G18/19 vann 110 m hekk med 15.94 som er ny pers. På 400 m hekk måtte han nøye seg med sølv, slegen på målstreken med 2/100. Tida vart 58.67. På 400 m vart han nr 9 med 52.72. Han hadde vona på betre resultat på begge dei lengste distansane, men sleit litt på siste 200 m på begge.
Freya Mjølnses i J 15 avslutta søndagen med ein strålande 2000 m der ho fekk sølv med 6.25.45 som er ny kretsrekord i J15. Tida til Freya er den nest beste tida som er oppnådd i Skjalg gjennom tidene. Berre Christin Sørum har sprunge raskare. Ho deltok og på 800 m der ho vart nr 13 med 2.21.81.
Thea Austbø i J17 fekk fredag bronse på 3000 m med 10.26.77 og 5 plass på 800 m på søndag med 2.24.45. Begge tider er personlege rekordar.
Stian Birkeland i G17 tok sølv på 2000 m hinder med ny pers på 6.32.91 etter eit jamt og veldisponert løp der han avanserte i feltet i siste halvdel. På 3000m vart det 6. plass med 9.21.38 på ein heller tung dag.
Marin Stray Gautadottir i J15 fekk 4 plass på 300 m hekk med tida 46.77, 3/100 bak bronse og 16. plass på 800 m 2.24.74 etter tunge siste 200 m Diverre vart det for kort tid frå sjukdomsavbrekket tidleg i august til å finne tilbake til den gode forma frå vårsesongen.
Marius Ingebrigtsen i G16 leverte eit godt disponert løp på 800m med 5 plass med 2.00.95, som er ny pers med over 3 sekund. Særleg siste 300 m var svært godt gjennomført.
Joey Cheng i J16 vart nummer 11 på 800m m med 2.30.44 som er ny pers, men ho skulle gjerne ha sett 2.29-talet.
Som lagleiarar på turen vil vi og framheve den gode lagånda utøvarane viste ved alltid å stille opp å heie på alle dei andre på laget.
Gerd Lise og Atle