Rapport, UM

Skjalg tok i alt 6 medaljar under årets UM i Trondheim i helga. Gull til Sarah Al Saiddi i J16 med ny pers på 46.42, 2/100 framfor nr 2 etter ei svært spennande avslutting og til Ane Bakstad Andreassen i J16 med 10.42.61. Tida var pers med 14s.

Line Al Saiddi i J15 vart den store medaljesankaren for Skjalg med 3 medaljar, sølv på 100 med 12.64 (pers) og  på 200 m med 26.20 og bronse på 800 m med 2.15.94 (pers).  Ho persa i alle løpa unnateke finalen på 200 m, men forholda under finalen på søndag var ikkje så optimale som på lørdag. På 100 m hadde ho 12.78 og 12.68 i forsøk og semifinale, på 200 m 26.16 og 25.93. 

Marin Stray Gautadottir sikra seg sølv på 400 m med tida 61.06 bak euaropameister for U20, Andrea Roth i eit løp som ikkje var 100% klaff.

Elles vart det mange personlege rekordar for utøvarane frå Skjalg under meisterskapet. Vidare resultat og plasseringar for utøvarane frå Skjalg vart:

Tobi Kees Van Merkensteijn G15, nr 5 i forsøket på 100 m med 12.27 og nr 7 i forsøket på 200 m med 25.24 (pers)

Casper Lye Clausen G16  vart nr 7 i forsøket på 100 m med 12,74 (pers) og nr 7 på 300 m hekk med 44.13

Brage Østbø, G16: Nr 9 på 300 m hekk med 55.70 etter fall over siste hekk og nr 7 i forsøket på 200 m, 25.87 (pers)

Andreas Nedrebø Nesse G17 vart  nummer 6 i forsøket på 100 m med 11.97(pers) og tok seg til semifinale på tid som nr 4 i heatet med 23.79 (pers).  Måtte trekkje seg frå semifinalen på grunn av strekk.

Sebastian Knudsen: G18/19:  Nr 8 i forsøket på 100 m med 12.31 og  nr 7 i forsøket på 200 med 25.14. Vart nok for kort tid etter skadeavbrekk til å finne godforma.

Petter Nedrebø Nesse, G15:  Nr 9i diskos  med 30.23, 10 cm bak pers og nr 8 i slegge  med 26.00 m

 Eivind Bredahl, G16: Nr 7 i diskos med 24.12 m og nr 6 i slegge med 27.94 m.

Johannes Dalland, G18/19:  Nr 14 med 8.50.08 (pers) på 3000 m med 2.plass i sitt heat og nr 7 på 800 m med 1.57.93 (pers). Imponerande etter nesten ei vekes sjukdomsavbrekk like før UM. NM-kravet er nok innan rekkevidde både på 800 og 3000 m.

Sebastian Van der Veen, G18/19:  vart nr 15p å 3000 m med 8.51.46 (pers) etter tredjeplass i sitt heat. Han måtte trekkje seg frå 800 m på grunn av skade.

Vetle Farbu Solbakken, G18/19: Nr 12 på 800 m med 2.00.83, like bak pers og vart nr 2 i sitt heat. Stod over 3000 m på grun nav sjukdom like før UM.

Emil Harestad, G15: Emil hadde ei svært god helg med solide løp på både 800 og 2000 m med tidene 2.08.34 og 6.09.81. Begge tidene var nye personlege rekordar med solid margin.

Thea Bjorland, J16: nr 8 på 800 m med 2.26.23 pers og første plass i sitt heat etter eit svært godt taktisk gjennomført løp. På 3000 m fekk ho brått problem med pusten og måtte bryte etter å ha drege feltet i 2000 m og såg ut til å vere på veg mot ei svært god plassering.

Summiva Langseth Wikre, J16: Nr 10 med 11.30.56 i debuten på distansen på bane. Tida er betre enn kva ho har gjort på tilsvarande distasne utanfor bane.

Ane Bakstad Andreassen, J16 stilet og på 3000 m i tillegg til kappgang. Her vart det ein 11. plass med 11.57.33 som er eit steg frami ein elles litt tung løpssesong.

I alt vart vi til slutt 17 utøvarar som deltok på UM i år, etter to forfall på grunn av skade (Freya Mjølsnes) og sjukdom (Thea Dessiungue)

Line med sine 3 medaljer
Sarah etter gull på 300 m hekk